Har no gått rundt i mange månader og høyrt om kor skuffa folk er over meg og gud veit no ka som har komt ut av kjeften til folk enkelte gongar. Dette er eg LEI av!
Det som er hovudsaka for at folk er skuffa over meg er at eg tar meg ein røyk iblant, når eg har lyst på og det passar seg. Dette klarar av ein eller annan grunn ikkje fok å la vere å kommentere og kritisere.
Det byrja på vidaregåande då eg vart saman med Rolf, og han fekk meg til å slutte å ta meg ein røyk saman med Lone ein gong eller to om dagen. Så eg slutta fordi han sa han vart dårleg av røyklukt og at han ikkje likte det. Fear deal det. Men det er så rart at han klara å omgås alle andre som røyke ellers. Eller kanskje det var berre eg som lukta eksepsjonenlt mykje røyk? Ikkje veit eg..
Under Siddis i haust var der og enkelte som poengterte dette veldig godt med skuffande blikk, og ikkje minst at dei sa det rett ut til meg at dei var skuffa.
No har det begynt igjen, og eg høyrer stadig folk kritiserar og seier kor skuffa dei er over meg sidan eg røyker av og til. Men det er ingen som kommenterar dei som snusar. Ingen som seier at dei er skuffa over dei!
Kvifor er det slik? Kanskje fordi at eg utset andre for passiv røyking? Det stemmer nok til ein grad, men eg passar alltid på at eg utset folk for dette i så liten grad som mogleg. Passar på kvar vinden kjem frå og kvar eg setter meg ned hen. Slik at eg ikkje pustar røyk i andletet på andre som ikkje røyker, noko andre tykkjer eg er flink til å ta i betraktning.
Det er greit nok at ikkje alle likar at eg tar meg ein røyk i ny og ne, men veit dokka ka? DET E IKKJE NØDVENDIG Å POENGTERE DET SO JÆVLIG!?! Eg føle meg liksom ikkje beire av at folk kjem bort til meg å seie at dei e skuffa, eller at dei ikkje vil snakke med meg før eg har stumpa røyken. Føle meg heller meir sett ned på, nedtrykt, og ikkje like respektert.
Eg vil berre seie takk til dei som ikkje har sagt noko negativt om at eg røyke, for dokke har ikkje dømt meg, for det e det tydeligvis mange andre som er veldig gla i å gjere! Tusen takk <3
