About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

onsdag 22. april 2009

Datarom på HF!

Har no repetert ferdig, og skreve dei viktigaste notatane mine frå pensum i EUR103 inn på data. Tidslinje har eg til og med laga, noko som eg overraska over kor greit det egentlig gjekk!
No er fokuset på å faktisk lære seg alt som er nedskrive, memorere det, og klare å skrive ei god oppgåve på eksamen! Nei, so langt er eg nok ikkje komen heilt enda.. Eg er framleis litt på latsida, men eg har 3 veke til å lese på, so eg bekymrar meg ikkje heilt enda..
Men må sei det er kjekt å gni inn til alle som ikkje er ferdig, eller har knapt nok byrja å lese at eg er ferdig.. Men veit det er dårleg gjort, så denne trenden skal eg no trappe ned litt.. Trenge ikkjeå gjere det verre for dei..

Men no sitte eg då på det berømte 314 rommet på HF og er snart på veg heim.. Skal lage middag, KLUBB! Nam-nam! Gler meg til det, og tykkjer eg no fortenar å slappe av resten av dagen.. Noko eg forsovet skal..

I kveld skal vi og sjå film frå studieturen, så gler meg til å sjå det eg gjekk glipp av grunna alkohol eller andre omstender på turen.. Er ein veldig bra film, om eg skal tru på Terje som har laga den saman med Kari.. Det blir kjekt!

Men no må eg tusle heim og lage meg god middag med god samvit, og ta resten av dagen relativt chill...

:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar