About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

torsdag 19. mars 2009

Eksamenstid!

Fekk ut semesteroppgåver i EUR102: Europeiske kulturar den 23.februar. Har no omsider byrja å ta dette seriøst.

Leverte inn ein relativt grei disposisjon på ei oppgåve eg allereie hadde skrive nesten ferdig, og BOM! Der måtte Monica skrive nesten heile greia på nytt. Det var verkeleg kjekt å få vete, og ikkje minst det at eg har so god tid til å skrive og formulere meg på! Men slik er no eingong livet.
Eg veit i alle fall om nokon som skal levere inn klager på faget, og på enkelte forelesarar.

Ellers går alt berre fint, satsar på å få svar frå Hong Kong i løpet av mai månad, og skal no om ei stund på dobbel forelesning i EUR103: Ressurs, demografi og øknomi i Europa etter 1945. Dette blir nok særs interessant, og sikkert ikkje trøyttande sidan vi har forelesning frå 14.15 - 18.00.

Skal heim til påske snart, og gler meg til det! Satsar på å tesa "ferigheitene" mine på ski nok ein gong, og heller ta knall og fall som det kjem. Men, no må eg tilbake til oppgåveskrivinga!

lørdag 14. mars 2009

Attende til fagre Noreg

Er no komen heim frå ein kjekk studietur! Litt sleten i kroppen og i skalljen, men ellers er vel alt som det pleier!

Mykje rart å sjå i Budapest og Wien. Har og konkludert med at øl er betre i Ungarn enn i Austerriket.
Men SCHNITZELEN har vi smakt ulike sider ved!

Då var det eksamen på gong, og tilbake til ein slapp kvardag.....

onsdag 4. mars 2009

Studietur!?!

No er det klart for ein etterlengta studietur, og eg er veldig klar for å oppleve nye stader i verda!

Vi kjem til Budapest på torsdag og skal vere der til søndag. På søndag reiser vi vidare til Wien, der vi skal vere til onsdag. Torsdag reiser vi heimover via Budepest.

Men no må eg setje meg ned å skrive semesteroppgåve i EUR102: Europeiske kulturar, slik at eg ikkje får alt for mykje jobb når eg kjem attende frå turen!