About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

onsdag 29. juli 2009

Siste tida

Jaja.. No e det alt for lenge sida eg har skreve noko på bloggen min, so no er det sanneleg på tide.

Sida sist eg skreiv har eg gjort ein del ulike saker og ting. Eg har jobba, som vanleg. Tutlar på ute på gamleheimen omtrent kvar ein dag..

Laurdag 18.juli var eg for første gong på Troda. Troda er 951 m.o.h., og vi byrja på rundt 40 høgdemeter. Dette var ein fantastisk tur!! Eg, mamma og pappa brukte 1t og 44 min i gåtid opp, og ca 2 timar med stoppinga. Flott utsikt frå toppen! Heilt frå Honndalsvatnet og ut på Klovningen. Såg til og med idrettsbana i Måløy(!). Til tross for at eg gjekk skikkelig på trynet på veg ned atte, så kom vi og hilskinna gjennom det ;) (Biletet er frå toppen av Troda, vendt mot Bryggja)

Forrige helg, 24-26.juli var eg på Malakoff Rockefestival! Det er det kjekkaste eg har gjort heile sommaren trur eg. Traff att gamle kjende, og helste på nye.
Eg og Tore campa i et 4-manns telt, og vi hadde besøk begge nettene vi sov der inne. Første natta var det Rune Myre og Øystein Verpeide som hadde teke turen, og natta etter var det Ingrid ;)
Konsumering av alkohol vart det, og nachspiel i dei små nattestimar...
Beste konserten eg var på var Kaizers Orchestra, UTEN TVIL! Eg var rett nok ikkje heilt i humør til å stå å hoppe opp og ned med ein salt pomfritt i handa, men det var sånn det gjekk til slutt. Eg og Andrea skreik og song av full hals.
FANTASTISK HELG!! MALAKOFF E GUDD!!

Jaja, so va det tilbake til kvardagen.. No har eg berre 2 veke att med jobbing, før "friveka" mi. då skal eg til Stavanger og Bergen, før eg kjem heim og skal pakke til Hong Kong..

Eg må seie at Hong Kong nærma seg litt for fort, eg veit ikkje kor tida forsvinne hen, men no er det berre 3 veker att...... :o)

lørdag 18. juli 2009

Enda meir HKU

Ja, eg veit eg skriv mykje om Hong Kong for tida, men det er det einaste som opptek hjerna mi når eg ikkje er på jobb..

No har eg skuleplass, flybillett, bustad, søknad på "buddy", vaksiner og snart svar frå lånekassen. Alt er byrja å kome på plass, og eg kjenner at eg no byrjar å grue meg til turen. Men det blir ufattelig spennande å komme ned å sjå korleis folk på andre sida av verda lev :o)

Berre 5 veke att no......

lørdag 11. juli 2009

Flybillett

Då har eg kjøpt flybilletten til Hong Kong. Avreise er 23.august kl.16.55 frå Gardermoen og er framme i Hong Kong 15.35 24.august. Blir eit "par" timar i fly, men får berre ta med nok lesestoff so går det nok fint!

Men det er så uverkeleg at eg faktisk skal so langt. No har eg snakka om det sida februar at eg har søkt meg ned dit. I etterkant har eg fått godkjent nominasjon, eg har blitt tatt opp av HKU, har levert inn alt papirarbeid som eg skal og har kjøpt meg flybillett. Nei, ditta må vere noko eg drøymer tenkjer eg av og til. Det er berre for utruleg til å vere sant.....

Men eg gler meg! Blir sikkert noke av det kulaste eg har vore med på! :)