Jaja.. No e det alt for lenge sida eg har skreve noko på bloggen min, so no er det sanneleg på tide.Sida sist eg skreiv har eg gjort ein del ulike saker og ting. Eg har jobba, som vanleg. Tutlar på ute på gamleheimen omtrent kvar ein dag..
Laurdag 18.juli var eg for første gong på Troda. Troda er 951 m.o.h., og vi byrja på rundt 40 høgdemeter. Dette var ein fantastisk tur!! Eg, mamma og pappa brukte 1t og 44 min i gåtid opp, og ca 2 timar med stoppinga. Flott utsikt frå toppen! Heilt frå Honndalsvatnet og ut på Klovningen. Såg til og med idrettsbana i Måløy(!). Til tross for at eg gjekk skikkelig på trynet på veg ned atte, så kom vi og hilskinna gjennom det ;) (Biletet er frå toppen av Troda, vendt mot Bryggja)
Forrige helg, 24-26.juli var eg på Malakoff Rockefestival! Det er det kjekkaste eg har gjort heile sommaren trur eg. Traff att gamle kjende, og helste på nye.
Eg og Tore campa i et 4-manns telt, og vi hadde besøk begge nettene vi sov der inne. Første natta var det Rune Myre og Øystein Verpeide som hadde teke turen, og natta etter var det Ingrid ;)
Konsumering av alkohol vart det, og nachspiel i dei små nattestimar...
Beste konserten eg var på var Kaizers Orchestra, UTEN TVIL! Eg var rett nok ikkje heilt i humør til å stå å hoppe opp og ned med ein salt pomfritt i handa, men det var sånn det gjekk til slutt. Eg og Andrea skreik og song av full hals.
FANTASTISK HELG!! MALAKOFF E GUDD!!
Jaja, so va det tilbake til kvardagen.. No har eg berre 2 veke att med jobbing, før "friveka" mi. då skal eg til Stavanger og Bergen, før eg kjem heim og skal pakke til Hong Kong..
Eg må seie at Hong Kong nærma seg litt for fort, eg veit ikkje kor tida forsvinne hen, men no er det berre 3 veker att...... :o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar