About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

mandag 22. juni 2009

Ferieturnus

E ikkje so ofte innpå å blogga lenger, men det skjer ikkje så mykje på Bryggja heller so..

Men no byrjar eg å jobbe for fullt. Har jobba 3 veke allereie, men det er berre ekstravakter som eg har fått tilbod om å ta. Så det var nokre tusen ekstra i kassa denne sommaren og!

Var ute på laurdag saman med Husevåg og Geir. Ronny og Therese skulle vere med, men kom seg aldri so langt. Men det e no berre sånn som skjer ;)
Vi var på Eid på puben. Ein del folk ute, og meg og Husevåg dansa sving! Det va saker det! Etter at puben stengde forflytta vi oss til Smart og sto der til klokka va nærare 4. Tusla ut på tunet heime rundt halv 5 med husevåg skrikande bak meg medan han flytta seg fram i framsetet på bilen ;) Alt i alt en kjekk kveld. Traff og Lone, Andreas, Joakim, Arne Kåre og Marie :)

No er det snart tid for å setje seg på sykkelen og sykle på jobb til kl.16.30 ;)

tirsdag 16. juni 2009

HONG KONG FOR POKKER?!

Då har eg stått på begge mine eksamenar dette semesteret, og er nøgd med det. Eine skal eg ta opp igjen, men det tar vi på sikt..

Når eg no har stått på eksamen veit eg 100% at eg skal til Hong Kong so no byrjar eg å planlegge korleis eg skal handetere ditte! Kor mykje eg skal ha med meg, ka eg ikkje skal ha med meg, når eg skal reise (flyavgangar), kordan ein skal gjere det med øknomiske saker der nede osv... Huff.. Blir nok jobb etter eg er ferdig på arbeid i sommar innser eg no.......

Men det blir kjempekjekt! Eg gler meg som ein liten unge på julafta! Trur det blir ein fantastisk opplevelse, dersom eg faktisk kjem meg fram og ikkje går meg vill på Gardermoen (noko eg er truande til å gjere..).

No skal eg sette meg ned å skrive mail til UiB og HKU for å terrorisere dei med enda fleire spørsmål :)

torsdag 11. juni 2009

Fjellturar!

No har jobbinga byrja for fullt, 2 VEKER for tidleg.. Men det er no so, kan ikkje gjere so mykje med det. Ikkje det at eg har so mykje meir å ta meg til på fritida mi heller. Dessutan tenar eg meir ;)

Men no har eg byrja å gå på fjellet, og kjenner godt på kroppen at eg ikkje er vande til slik trening. Men kjem meg litt for kvar gong eg går, og det kjennest godt!
Fekk med meg Eva Kristin på Høgeberget før ho reiste til Bergen att, og det var ein flott tur, der det var sol på toppen og vi måtte dokumentere dette og sende bilete til Dagmar og Oddfrid ;)

Skal sjå om eg klarar å gå på fjellet i alle fall 3 gongar i veka, forhåpentligvis meir.. Må sjå litt an kor mykje jobb det blir.. Men som sagt, kva anna skal eg finne på på Bryggja? Å sitte å sjå på TV blir jammen kjedeleg etter eit par dagar det og..

Men no skal eg ha fri i 2 dagar, og det skal bli deilig å sleppe å stå opp klokka 7 :)

mandag 8. juni 2009

På Bryggja

No er eg komen heim, og byrja å setje meg inn i kvardagen på Bryggja igjen. Skal ikkje kome å seie at det er vanskeleg, men det er litt keisamt. Her er ikkje så mykje å ta seg til, so eg enda opp med å gå på fjellet.

I går var eg på Staurdalsegga, tok 2 timar å gå opp. Ned igjen tok det litt over 1 time trur eg.. Flott tur! Har ikkje vore på denne fjelltoppen før, men det blir nok i alle fall 1 tur til opp der i løpet av sumaren ;)

No skal eg ha fri i 2 veker før sommarjobbinga tek til for fullt. Då har eg knapt nok fri i det heile. Men eg rekk Malakoff Rockefestival so eg e gla for det! Det blir den eine "frihelga" eg har i sommar trur eg ;)

Men men.. No tenkte eg å sjå om eg kjem meg på Blankevasstua...... :)