About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

tirsdag 16. juni 2009

HONG KONG FOR POKKER?!

Då har eg stått på begge mine eksamenar dette semesteret, og er nøgd med det. Eine skal eg ta opp igjen, men det tar vi på sikt..

Når eg no har stått på eksamen veit eg 100% at eg skal til Hong Kong so no byrjar eg å planlegge korleis eg skal handetere ditte! Kor mykje eg skal ha med meg, ka eg ikkje skal ha med meg, når eg skal reise (flyavgangar), kordan ein skal gjere det med øknomiske saker der nede osv... Huff.. Blir nok jobb etter eg er ferdig på arbeid i sommar innser eg no.......

Men det blir kjempekjekt! Eg gler meg som ein liten unge på julafta! Trur det blir ein fantastisk opplevelse, dersom eg faktisk kjem meg fram og ikkje går meg vill på Gardermoen (noko eg er truande til å gjere..).

No skal eg sette meg ned å skrive mail til UiB og HKU for å terrorisere dei med enda fleire spørsmål :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar