About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

torsdag 11. juni 2009

Fjellturar!

No har jobbinga byrja for fullt, 2 VEKER for tidleg.. Men det er no so, kan ikkje gjere so mykje med det. Ikkje det at eg har so mykje meir å ta meg til på fritida mi heller. Dessutan tenar eg meir ;)

Men no har eg byrja å gå på fjellet, og kjenner godt på kroppen at eg ikkje er vande til slik trening. Men kjem meg litt for kvar gong eg går, og det kjennest godt!
Fekk med meg Eva Kristin på Høgeberget før ho reiste til Bergen att, og det var ein flott tur, der det var sol på toppen og vi måtte dokumentere dette og sende bilete til Dagmar og Oddfrid ;)

Skal sjå om eg klarar å gå på fjellet i alle fall 3 gongar i veka, forhåpentligvis meir.. Må sjå litt an kor mykje jobb det blir.. Men som sagt, kva anna skal eg finne på på Bryggja? Å sitte å sjå på TV blir jammen kjedeleg etter eit par dagar det og..

Men no skal eg ha fri i 2 dagar, og det skal bli deilig å sleppe å stå opp klokka 7 :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar