About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

tirsdag 27. januar 2009

Pilates, yoga, geografi i Europa. Ja, dette er det som har teke meg opp dei siste dagane.

I morgon skal eg levere søknad på å få reise på utveksling. Planen er å kome meg til Hong Kong i slutten av august og kome heim i januar, dersom dette ordnar seg.

"Onkel" Hjalmar har gått frå oss. Og eg vil sakne deg mykje dei gongane eg er heime, men vi fekk fleire år enn forventa, og det er eg veldig glad for. Veldig, veldig gla i deg onkel Hjalmar <3

Trening går over all forventing, sjølv om eg til tider ser ut som eg treng både stokk, rullestol og trillbar seng. Men dette varer jo berre eit par dagar, så eg og Linn Marie slit oss opp dei 13, MERK 13, trappene til skulen som om vi hadde gått på fjellet fleire gongar for dag(!!).

Studietur til Wien og Budapest er betalt, og gler meg noko sinnsjukt, uendeleg, vanvittig til 4.mars når avreisa går! Og det er eg sikker på at mange som skal vere med er einige i!!
;o)

fredag 16. januar 2009

2 nesten leksefrie dagar!

Omsider klarte til og med eg å leggje ned leksebøkene ei lita periode. Men tenkjer at den gode trenden som var så godt i gong må takast opp att, allereie i morgon. Men i kveld skal eg berre sjå ein film, Hayao Miyazaik`s "Laputa - Castle in the sky". Deretter skal eg leggje meg og sove, fordi Flesland Musikklag skal ha øving både i morgon og på søndag.

Har og omsider innsett kor lang tid det vil ta å lese gjennom pensum på ein ordentlig måte, og dette vil nok påverke mitt sosiale liv dei neste månadane. No er det ikkje lenger Contra Bar 8 timar om dagen, for deretter å gå og ete ein betre middag på Pastasentralen, og til slutt vende heimover grunna høg alkoholprosent i boldet.


Nei, no er det ramme alvor!!
Og biletet under byggjer berre under dette argument........

Men til tross for mange sider eg skal kome meg gjennom, er eg snart ferdig med 2 av bøkene.

Boka om Russland har eg lest ut, og An Economic History og Twentieth-Century Europe har eg berre to kapittel igjen av.

I aften har eg og sett Max Manus. Ein fantastisk film, som gjorde inntrykk.

onsdag 14. januar 2009

Klar til forelesning i morra!

I dag har eg klart på underfundig vis å kome meg gjennom økonomihistoria til Sovjetunionen. Dette tok i underkant av 5 timar, då innrekna tid til å skrive notatar.
I morgon tildleg skal eg smile når eg kjem til forelesning, til alle andres irritasjon. Då spesielt, Linn Marie, Terje og Tina rekna inn der! Sjølv om dei og truleg har lest.

Dessutan har eg også rydda hybelen, som ikkje såg ut! Men det er vel vanleg hjå dei fleste studentar? Eller?

Ordentlig student!

I dag var fyrste dag attende på skulebenken for alvor. Ein forelesar som står og snakkar om litteratur, geografi, språk og kultur i over ein time. Attpåtil prøvar han å øydelegge biletet av Obama allereie ved å kalle han, Obama Bin Laden.

Rett nok gjekk eg og Linn Marie og rundt heile skulen 1,5 gongar før vi fann auditoriumet. Dette var litt av ein heisatur! Og når vi omsider kom fram, fekk eg berre ein beskjed om at eg var meir nerd enn Terje. Det har eg eigentleg litt vanskeleg for å tru, men det er no ein gong so.

Har forøvirg og lest ut 3 kapittel i An Economic History of Twentieth-Century Europe. Må då få seie at økonomi historia frå ca.1850-1945 er meget innvikla, og ikkje minst til tider på trynet. Og dei nasjonalistiske rørslene hjelper i alle fall ikkje på ein student som fibrilsk prøvar å setje dette saman på ein strukturert måte.
Satsar på ein endå meir lærerik dag i morgon!

mandag 12. januar 2009

Dagen før dagen!

Ja, i morra byrjar skulen att. Gler meg litt til å gå på forelesning att, til tross for at eg ikkje er heilt begeistra for forelesaren enda.
I dag var min første offesielle treningsdag i 2009! Vil seie at det er ein god start på året, og satsar på å halde dette ved like så lenge som råd er.
Gjort lekse har eg og, til tross for at dette ikkje er noko eg vanlegvis ville gjort. Men skal opne bøkene før eksamen denne gongen, so resultatet kanskje blir betre? :o)

søndag 11. januar 2009

Første innlegg

Ja, då var jula over og tilbake til kvardagen.
Kan ikkje sei at det plagar meg noke. Dette grunna at no slepp eg å gå i tre kaffiselskap dagleg, og å sitte på Bryggja å vente på at nokon kjem heim frå arbeid og ikkje minst at eg får litt orden på døgnrytmen igjen.
Sjølvsagt er det negative sider ved det å komme attende til Bergen som at eg må lage min eigen middag, må kjøpe min eigen mat og sjå at kontoen sakte men sikkert går opp i brann av utgifter. Men hallo, eg kunne hatt det verre.

Men for å oppsummere litt då legg eg ut 3 bilete som gjenspeglar ei fantastisk jul!