Pilates, yoga, geografi i Europa. Ja, dette er det som har teke meg opp dei siste dagane.
I morgon skal eg levere søknad på å få reise på utveksling. Planen er å kome meg til Hong Kong i slutten av august og kome heim i januar, dersom dette ordnar seg.
"Onkel" Hjalmar har gått frå oss. Og eg vil sakne deg mykje dei gongane eg er heime, men vi fekk fleire år enn forventa, og det er eg veldig glad for. Veldig, veldig gla i deg onkel Hjalmar <3
Trening går over all forventing, sjølv om eg til tider ser ut som eg treng både stokk, rullestol og trillbar seng. Men dette varer jo berre eit par dagar, så eg og Linn Marie slit oss opp dei 13, MERK 13, trappene til skulen som om vi hadde gått på fjellet fleire gongar for dag(!!).
Studietur til Wien og Budapest er betalt, og gler meg noko sinnsjukt, uendeleg, vanvittig til 4.mars når avreisa går! Og det er eg sikker på at mange som skal vere med er einige i!!
;o)
tirsdag 27. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar