About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

lørdag 28. februar 2009

Er no ei stund sida sist eg skreiv noko her, men sidan eg fekk gladnyhender i går, så tenkte eg at no var det sanneleg på tide.

I går fekk eg vete at eg er teken opp til opptak ved University of Hong Kong(!?!), noko som eg tykkjer er usannsynleg kult! Og håpar verkeleg at eg får plass, og at eg får reise dit i slutten av august.

Ellers trava eg meg gjennom pensum, og er no snart ferdig med EOR103. EUR102 ser det ikkje så lyst ut med, men skal nok byrje på det snart og.
Har og fått semesteroppgåva mi i EUR102, franskspråkleg kultur. Noko som eg ikkje vil vedkjenne meg eigentleg. Oppgåva eg skal skrive har ikkje so mykje med dette å gjere, sidan eg skal skrive ein generell tekst om "nasjonal identitet".

Forrige helg var eg heime, noko som i og for seg var ein god plan, heilt til alle reiste til Bergen! Uff, då kokte blodet godt på båten til Sogn og Fjordane, Kommandøren. Men eg klarte no meg gjennom helga berre med å bulke skjermen på bilen til Fammo 3 gongar, so eg må seie meg nøgd med det.

No skal eg lage egg og baguttar til frukost, rydde rommet, gjere lekser, og vente på at Hilde skal kome på besøk til meg i kveld og skal vere her heilt til måndag <3

1 kommentar:

  1. Wow, det får man si; Ikke akkurat en kort reise du skal på. :p
    Synd at du fikk semesteroppgave om Frankrike - selv er jeg, pardon my French, jæææævlig fornøyd med å ha fått om Russland. :D

    SvarSlett