About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

onsdag 14. januar 2009

Ordentlig student!

I dag var fyrste dag attende på skulebenken for alvor. Ein forelesar som står og snakkar om litteratur, geografi, språk og kultur i over ein time. Attpåtil prøvar han å øydelegge biletet av Obama allereie ved å kalle han, Obama Bin Laden.

Rett nok gjekk eg og Linn Marie og rundt heile skulen 1,5 gongar før vi fann auditoriumet. Dette var litt av ein heisatur! Og når vi omsider kom fram, fekk eg berre ein beskjed om at eg var meir nerd enn Terje. Det har eg eigentleg litt vanskeleg for å tru, men det er no ein gong so.

Har forøvirg og lest ut 3 kapittel i An Economic History of Twentieth-Century Europe. Må då få seie at økonomi historia frå ca.1850-1945 er meget innvikla, og ikkje minst til tider på trynet. Og dei nasjonalistiske rørslene hjelper i alle fall ikkje på ein student som fibrilsk prøvar å setje dette saman på ein strukturert måte.
Satsar på ein endå meir lærerik dag i morgon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar