Fekk ut semesteroppgåver i EUR102: Europeiske kulturar den 23.februar. Har no omsider byrja å ta dette seriøst.
Leverte inn ein relativt grei disposisjon på ei oppgåve eg allereie hadde skrive nesten ferdig, og BOM! Der måtte Monica skrive nesten heile greia på nytt. Det var verkeleg kjekt å få vete, og ikkje minst det at eg har so god tid til å skrive og formulere meg på! Men slik er no eingong livet.
Eg veit i alle fall om nokon som skal levere inn klager på faget, og på enkelte forelesarar.
Ellers går alt berre fint, satsar på å få svar frå Hong Kong i løpet av mai månad, og skal no om ei stund på dobbel forelesning i EUR103: Ressurs, demografi og øknomi i Europa etter 1945. Dette blir nok særs interessant, og sikkert ikkje trøyttande sidan vi har forelesning frå 14.15 - 18.00.
Skal heim til påske snart, og gler meg til det! Satsar på å tesa "ferigheitene" mine på ski nok ein gong, og heller ta knall og fall som det kjem. Men, no må eg tilbake til oppgåveskrivinga!
torsdag 19. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar