About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

fredag 17. april 2009

Lenge sida no

Lenge sida eg har skrive noke her på bloggen. Har vore litt opptatt med påskeferie og lesing for å komme meg gjennom alt pensum.
Rett nok var eg ferdig med pensum i EUR103 2.april, men repeteringa tar visst tid den og!

Har hatt ei fin påske, der eg har vore edru til ei forandring. Det var ikkje planen å vere det, men sjåfør var ikkje så dumt når økonomien byrjar å skrante litt. Sommarlønna frå i fjor er vekk, og i eksamenstid må ein jo feire at ein er ferdig til slutt. Så det blir nok eit stort nok pengesluk til slutt.

No har då Ragnhild og flytta heim, og trist å kome heim kvar dag og sjå det tomme rommet ved siden av mitt. Det er ikkje det same lenger no. Saknar ho veldig. Men slik er det no ein gong. Eg flyttar heim sjølv om 1,5 mnd so.. Jah.. Sånn e det no ein gong.

Men no må eg tilbake til lesing og repetering i finevêret!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar