About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

søndag 19. april 2009

Grillsesongen er i gang!

Då var grillsesongen i gong, og det brakar laus med ei flott veke i Bergen! Flott vêr, flotte folk og eksepsjonelt humør!



Her vart det grilla alt frå entrecôte til banan med sjokolade (sistnevnte stod eg sjølv for). Vi naut sola til det ytterste, og brunfargen tikka seg sakte, men sikkert fram.





Eg personleg brukte delar av tida då dei andre spelte litt volleyball, til å fundere på korleis sumaren og hausten kjem til å bli. Dette grunna at eg skal vere heime heile ferien og, forhåpentligvis, jobbe. Kanskje gå ut? Men har ingen gjeng heime, så det er eit lite minus. Er litt meir einsam der enn i Bergen kor eg kan gå ut, ringe nokre eg kjenner, og så har eg selskap på mindre enn 10 minutt. Heime er dette litt vansklegare sidan mange er på jobb, andre kjenner eg ikkje så godt lenger, og dei aller fleste kjenner eg ikkje i det heile. Men slik er det å flytte heimanfrå når ein er 15 år. Ein mistar det gamle miljøet ein var i, og dannar seg eit nytt eit, som er langt vekke.

Og til hausten satsar eg på å få lov til å reise til Hong Kong, å studere om alt går etter planen. Og det blir veldig rart å kome ein stad der eg ikkje kjenner nokon, og ikkje minst at eg konsekvent på kommunisere på engelsk. Noko som eg faktisk gler meg litt til, å bruke eit språk som eg har brukt mange år på å lære meg.
Men då tenkjer eg det er nok filosofering for i dag, og set meg no ned med ein bunke filmar som eg har tenkt på å sjå i lengre tid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar