About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

fredag 24. april 2009

Sjølvbilete og media?

Har no lest litt på andre bloggar rundtomrking og ser at mange skriv om sjølvbilete og kjensler i forhold til vekt og utsjånad.

Eg er ein av dei som trur på at det er samfunnet i dag som gjer at mange jenter har eit dårleg sjølvbilete, og ikkje minst media som gjer at alt fokus går berre mot korleis ein ser ut og ikkje korleis ein er som person i første rekkje.....

Dett tykkjer eg blir feil, i likskap med mange andre. Men ein skulle tru at om ein var klar over det at ein kunne unngå å tenkje slik.. Slik opplev ikkje eg det personlig. Eg merkar veldig godt at eg er fokusert på meg og min eigen kropp på ein måte eg ikkje burde vere. Noko som støtt og stadig irriterar meg og får meg til å føle meg litt "dårlig".. Føler at eg kanskje ikkje alltid strekker til, eller at alle andre har dei same tankane om kroppen min som eg har? Noko som i dei aller fleste tilfelle er feil...

Men det er slik ein ofte blir gåande og tenkje, og til lenger ein tenkjer slik, til verre blir det. Blir enda meir innlemma i tankane, kjenslene og kvardagen.

Eg kan ikkje sitte her å skrive om andre sine kjensler rundt sjølvbiletet, men kan snakke for meg sjølv og seie at eg er ein av dei som har blitt påvirka av alt medieoppstyret og måten folk snakkar om seg sjølv og meg på. Veit om ting folk har sagt om meg bak min rygg, og at dette er og noko som har farga meg som person sida Grunnkurs på VGS. Det er ikkje synleg for folk som ikkje kjenner meg godt, og det er ikkje noko folk kjem til å merke i etterkant av dette innlegget sjølv om ein les det..

Det er noko eg har jobba med lenge, og kjem sikkert til å jobbe med det ei god stund til. Ein person har vore spesiell i utforminga av mine tankar om meg sjølv, og dette vil nok vere ein del av min kvardag ei stund til, men forhåpentligvis vil det gå over til slutt :o)

Kanskje det blir lettare å leve eit sunt liv når eg flyttar heim for sommaren? Men eg syns det er vanskelig å få meg sjølv til å trene eller gå tur når eg ikkje har nokon å gjere det saman med. Og heime har eg ikkje så mange å støtte meg til, så er gjerne åpen for det om nokon heime skulle vere interessert i å kanskje bli kjend med ein gammal bekjend/"skulekamerat" att?


Det er alltid eit lite håp

Meg og Terje i Budapest!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar