About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

mandag 25. mai 2009

Sommarferie!

Då var siste eksamen over, og må seie at det var overraskande greie oppgåver! Var veldig positivt overraska etter eit litt trubulent forhold til faget den siste månaden.. Og då var det omsider sommarferie!

No skal eg berre pakke ned resten av tinga mine, og gjere meg klar til avreise Bergen -> Bryggja på laurdag.. Gler meg og gruar meg på same tid. Veit ikkje heilt korleis eg skal handtere kjenslene mine om å forlate "heimen" min i Bergen, og kome attende til Bryggja som no eg reknar som min barndomsheim, til tross for at eg kanskje enda er eit barn..

Har og søkt etter visum til Hong Kong no, og fann ut at eg faktisk har søkt på dette. Då var det berre søknaden til Lånekassen som mangla, men der søke eg nok ikkje før eg viet at eg har stått på alle eksamenar.. :)


Eg e klar til eksamensfeiring på onsdag, avslutning på hybelen på fredag, heim på laurdag og ut i Måløy og, sist men ikkje minst, konfirmasjon på søndag! ;o)

No skal eg ta kvelden, har ikkje sove i natt og gler meg til å sove no!
Natta <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar