Då va siste innspurt dette semesteret i gong! I morra er siste eksamen før ferien tek til..
Sit no på hybelen og slappar av med krokanrull og god musikk. Har nett lest gjennom pensum ein gong til, men tek det heile relativt med ro. Har litt problem med å forstå korleis eksamen i morra kjem til å sjå ut, men er spent på om eg klarar å svare på oppgåvene dei gjer oss. Noko eg veit alle på studiumet lurer på, sidan dei ikkje har gjett oss døme på tidlegare oppgåver.
Men er mest spent på om eg no klarar å stå på begge desse eksamenane eg har dette semesteret, sidan det er avgjerande for om eg får reise på utveklsing eller ikkje. Dommen fell 9. og 15.juni :/
Va på kino i går og.. Med Linn Marie og såg Wolwerine! Kul film!
No skal eg ta meg ein tur til Linn Marie og levere nokre ting som ligg hjå meg som e hinna sine ;) Og kanskje eg får med meg eit pizzastykke av den vellukka pizzaen vår frå i går? ;)
søndag 24. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar