About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

søndag 17. mai 2009

Bygdajente for alltid?

Då var det 17.mai og feiringa for min del er no slutt.

Har i år vore i Bergen, grunna at det er midt mellom 2 eksamenar, og kjenner på kroppen kor mykje eg saknar Bryggja når eg sit her no..

I Bergen er det mykje meir folk enn på Bryggja, det er lengre tog, det er fleire tog og, ikkje minst, det er meir bråk og søppel alle vegar. Dette er nok nesten så langt frå den feringa er eg vande til som det er mogleg å få det. Kanskje Oslo hadde vore lengst?

Har vore ute sida klokka 09.30 idag tidleg for å sjå på tog og folk. Dersom ein verken såg tog eller folk i Bergen i dag, må ein nok ha vore under jorda. Folk overalt! Oppafor deg, nedafor, ved siden av, foran og bak. Berre mas heile tida! Russens siste dag i buksene sine (takk no endeleg Gud for det! Kanskje ein kan sove igjen no?), ungar som skal sjå, kjøpe og ta på alt som dei ser.

Heime, der er det berre idyllisk. Flott natur, roleg tog, nasjonalsongen blir spelt av korps slik at ein kan høyre det.. Rett og slett fantastisk! Ein roleg dag der ein gjerne snakkar med folk som kjem heim berre for dei få timane denne eine dagen i året. Barneleikar på skuleplassen, hesteskokasting, skyting osv for dei eldre.. Samling i Grendahuset for å sjå program og høyre litt meir korpsmusikk, korpsfrukost, og dei to viktigaste tinga: KINO og BYGDADANS!

Nei, dette saknar eg veldig. Byen er ikkje ein stad å feire 17.mai for ei bygdejente som meg.. Eg likar meg ikkje i store folkemengder der eg ikkje ser anna en skrottane til gud veit kor mange menneske..

Bryggja, alltid i mitt hjerte <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar