Ja, då va siste dagen min i Bergen komen. No e det på tide å reise heim til sommaferie, med flyttelass.
Stod opp klokka 10 i dag, åt frukost å byrja på nedpakkinga. Etter nedpakkinga va det berre vaskinga som stod att. Vasking e kjedeli! I alle fall når du ikkje skal bruke det eine rommet som er nyvaska meir. Men no er eg ferdig, og klokka e berre 13.05.
Hmm.. Ka eg skal ta meg til i dag då? Skal treffe Sara halv 3, skal lage middag med roomiane mine klokka 5, og Eva Kristin kjem ned etter 6 eingong. Ho skal sover her i natt fordi ho skal vere med oss heim i morra tidlig. Blir kos!
Må sei eg sit no i senga mi med ei rar kjensle. Veit ikkje heilt om eg e gla, lei meg, trøtt, sliten, likegyldig etc.. E berre heilt tom. Blir veldig rart å komme heim til Bryggja å tenke på at eg skal vere der i fleire mnd utan å sjå mine studievener.. Det går nok heilt fint, men blir og ei omstilling med tanke på at heime kan eg ikkje gå til alt mulig, eg må faktisk køyre bil for å kunne gjere noko nærmast.. Det gjeld sjølvsagt ikkje å gå på besøk til Eva Kristin og Ronny og sånn, men alt anna. Blir for langt å gå på Aalen for å handle og gå heim med varene i henda. Kjem til å bruke heile dagen på det ;P
Jaja.. Mamma og pappa kjem til Bergen i dag og. Vi skal fylle inn i bilen alle tinga mine når dei kjem til byn i kveld ein gong. Men må sei det blir deilig å sleppe å tenke på husleige, straumrekning, internett rekning, NRK-lisens osv... Og berre ha mine pengar til ting eg vil bruke dei på!
Jaja, no må eg ta å komme meg i arbeid med andre saker og ting. So når neste blogg kjem er eg ikkje sikker på, men baj baj so long! ;)
fredag 29. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar