About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

lørdag 9. mai 2009

Framtida?

Sit på facebook og ser stadig at folk eg kjenner eller kjenner til får kjæreste, blir forlova, giftar seg og ikkje minst, får barn..
Eg unnar virkelig alle å få alt dette, og gratulerar og er gla på alle sine vegne.. Men ka med meg sjøl?

Vel, eg hadde bra inntil for eit år sida, nøyaktig. Då gjekk min verden i grus, for å seie det på ein eksakt måte.. Forholdet mitt tok slutt og mine draumar var tvinga til å endre seg..

No har mitt kjærleiksliv stått i stagnasjon i eitt år, noko alle forsovet veit. Men eg trur framleis på at eg kan finne den rette og få mine draumar om kjærleik, hus og barn oppfylt.. Dette er sjølvsagt nokre år fram i tid, men håpar at det vil gå i oppfyllelse..
Om det hadde skjedd no, spesielt med tanke på barn og kjæreste, hadde ikkje det gjort noko. Hadde vore koseleg, men har sopass innsikt i meg sjølv at det blir nok ei stund til slikt skjer meg..
Blir so misunnelig når eg ser at folk som er like gamle som meg sjølv har alt, eg og vil ha det! Men kanskje eg blir ein av dei som sit barnevakt og ikkje stort meir enn det? :) Å sitte barnevakt er velsig koselig, og det er noko eg med glede gjer om folk spør meg. Men eg skulle til ider ynskje at det var eg som var i posisjonen om å få tak i barnevakt slik at eg kunne unne meg ein kveld med vener og bekjente..

Men no er jo eg tatt opp i Hong Kong til hausten, så mine draumar får heller berre vente.. Men gler meg til den dagen noko byrjar å skje i livet mitt på det planet.. Kanskje i 2010? :o)
No får eg berre nyte tida eg har som ei fri og frank jente, som kan gjere nett ka ho vil, når ho vil med ken ho vil!

Men nok med filosofi over framtidas utfall,
no,
tilbake til eksamenslesing.........

3 kommentarer:

  1. Eg veit du kjeme til å finne den rette:) E bare at for noken tar d lenger tid enn for andre:) Å d å ha onga e heller ikkje en dans på rose når man e så ong, nyt live, reis sjå verden og kos deg:) Selfølgeli e d veldi kjekt å ha onga å kjæreste, men likevell har man ting man ikkje får gjort, som for eksempel gå på skule i utlande:)

    SvarSlett
  2. Fant bakgrunnen på den sida som står opp i hjørne på bloggen min:) Thecutestblog.com eller noke sånt:P

    SvarSlett
  3. Ja, eg bekyra meg ikkje for å finne den rette før eg runda 30.. ;)
    Takk takk :)

    SvarSlett