Då var det under 24 timar att til eksamen.. Nervane er framleis under kontroll, og kunnskapen er litt hipp som happ..
Dagen i dag blir dedikert til å slappe av! Skal ikkje gjer som mange andre, sitte å lese meg halvt ihjel på noko som eg kankje ikkje klarar å lære 100%. Då vil eg heller ta det med ro og fokusere på det eg faktisk kan, og heller gjere den delen betre :)
No skal eg lese gjennom forelesningane ein siste gong, og so skal eg trene med Linn Marie.. Etter det skal Alice, meg og Linn Marie gå gjennom pensum, men på eit veldig laust plan det vi berre snakkar om det.
I kveld skal eg sjå "Då pengane erobra verda" på NRK! Gler meg! Velig spennande program, som er absolutt relevant for eksamen i morra i
Europa etter 1945: Ressurs, demografi og økonomi
Eg elskar faget, og skulle ønske at det var noko som vi skulle halde fram med og lære meir om! Men slik er det då ikkje.. Diverre..
Då var det forelesningsnotatar, og trening!
Og i morra klokka 15.00(seinast) er det over for første eksamen, men byrjinga på den andre.. Jaja..
mandag 11. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar