Då var det fredag, og 4 dagar att til eksamen, som eg har skreve so mykje om tidlegare.. Blir deilig å bli ferdig med det, men skulle kanskje vere ekstra motivert til å lese ekstra mykje sidan eg er tatt opp til HKU? Tjah, bryr meg kanskje litt meir om eg står eller stryke, men ikkje stort meir enn det eigentleg.. Vil sjølvsagt stå, og går og inn for det, men byrjar å bli skeptisk til EUR102..
I går fekk vi ein mail frå forelesaren vi har hatt om engelskspråkleg kultur i EUR102.. No fann han, OMSIDER, ut at han skulle legge ut leselista til eksamen, 3 veke etter siste forelesning og 3 veke før EKSAMEN! Då har han tenkt: "Ja, nei, kanskje dissa elevane burde få vete ka dei faktisk skal lese til eksamen? Tjah, når eg ikkje har sagt i frå før no kan eg vel like godt legge til 200 side."
FAEN STEIKE!
Det skulle fanden ikkje vore lov! Men vi har sendt inn klager på det til administrasjonen, men skjer vel ikkje noke har eg på følelsen..
1 dag att, 24 timar... 1 år..... Ingen kommentar til det, men seier 1 år, og knuste draumar...
Ellers går det berre bra.. Har levert papir til HKU i dag, har hatt kollokvie medAlice og Tina, og ikkje minst, er ferdig med jakta etter nokon til å ta over hybelen min! Ei byrde er vekk frå mine skuldre! Deilig å sleppe å tenke på det oppi alt maset rundt eksamen, utveksling, flytting, mai generelt........ *puste letta ut*
I morra skal eg lage meg god middag! Har hatt det dei siste tre dagane og når eg har ete heimelaga pizza, men no skal eg lage pølsegrateng! Gler meg til middag i morra!
Skal og lese EUR103, men skal og stå opp tidlig og kanskje ta meg ei treningsøkt før eg byrjar på det...? Får sjå på formen i morra tidlig..
Men no, finale i norske talenter og Jack Frost coming up right after this! ;)
fredag 8. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar