Har no blitt tatt opp til studium ved University of Hong Kong hausten 2009!?! Det er fantastisk kult, og håpa virkelig at eg står på eksamen slik at eg får reise.. Det e blir en opplevelse uten like!
Fann og ut i dag at forelesaren vår i England i EUR102 har funne ut at NO skal han legge ut leselista til eksamen, 3 veke etter han har hatt siste forelesning, og 3 veke før eksamen! Og i mellomtida har eg ein eksamen til, EUR103.. Den har eg 12.mai, det vil seie førkomande tysdag.. Korleis skal dette gå opp?
Vel, no har eg såtte sida eg las den beskjeden og lest britisk historie frå renessansen og fram til i dag, og er ferdig med den delen.. Då var det berre den litterære att................
Dette er det eg ikkje likar med universitetet, at kommunikasjonen sviktar i enkelte tilfelle, og det er så mykje som står på spel når ein berre har ein eksamen å vise kva ein kan på..
Ellers går det egentlig veldig bra, og er klar til eksamen på tysdag.. Har framleis litt å repetere, men har god tid til det :) Og eg gler meg til å komme på eksamen for å sjå om eg faktisk kan svare bra på oppgåva eg får tildelt, og gler meg skikkelig mykje til å skrive den om eg får ei eg kan svare på!
No skal eg ete meg middag.. HEIMELAGA PIZZA <3
So blir nok ny blogg i morra når eg har henta opptakspapira til HKU......
torsdag 7. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar