1.mai. Tida går jaggu fort nok no! 11 daga til eksamen i EUR103. Nærma seg med stormskritt.
Men dagane går no som vanleg, faktisk enkelte er meir dovne enn dei kanskje burde vere. I dag, til dømes, har eg berre sove og sett litt film. Altså, ikkje noko konstruktivt overhovudet! Eller, eg har gratulert Bestemor Kinn med bursdagen.
Dinne veka har eg og vore flink å trene. Va på treningssenter mandag, tysdag og torsdag. Og spaserte tur på onsdag med Linn Marie. Tenkte å ta meg ein tur på trening i morra og, og ikkje kaste vekk meir tid. Er så lei av å ikkje klare å vere så produktiv som eg vil. Men e vel gjerne motivasjonen som kanskje manglar litt.
Om 1 mnd har eg flytta frå Bergen. Det er ein heilt ufatteli tanke! Kordan i alle verdas dagar skal eg fylle opp sommaren med ting å gjere på? Sett vekk frå jobb om eg får det? Nei, uff.. Kjem til å trene og sjå på tv. Kanskje drikke litt innimellom? Sånn ser eg for meg sommaren no, og om det er bra eller ikkje, det skal eg ikkje uttale meg om før eg har begynt på sommaren..
Men slikt får eg berre ta på sikt, no eg hovudfokuset mitt på å stå på eksamen og få lov til å reise på utveksling. Skal kanskje byrje å lese skikkelig til eksamen no då?
fredag 1. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Sant det, bare elleve dager igjen...PANIIIIIKK! :S
SvarSlett