About me

Bildet mitt
Bryggja, Sogn og Fjordane, Norway
Er student i Bergen for tida på UiB. Går på Europastudier og skal på utveksling til Hong Kong i august. Er heime på fagre Bryggja fram til eg reiser 23.august.

lørdag 2. mai 2009

10 dagar

10 dagar att til eksamen! Ja, skal eg byrje å stresse no? Eller kanskje bli bekymra?
Nei, sånt kan andre ta seg av! Eg skal berre slappe av og ta livet med ro..

Kanskje litt lett tankegang rundt eksamen? Nei, ikkje egentlig.. Når ein er ferdig med pensum før påske, og har byrja å repetere allereie, har eg vel egentlig godt tid. Har faktisk lest i dag, både EUR102 og EUR103 ;)

I tillegg til at eg faktisk stod opp klokka 9, har eg som sagt lest litt pensum og har vore på kafè med tante Titti, onkel Jan, Susann, Magne og Charlotte. Veldig koseleg å sjå dei, lenge sida sist eg såg alle saman.. Har og rydda og støvesugd rommet mitt, av ein eller anna merkeleg grunn.. Måtte vel gjerast før eller seinare..

I kveld skal det komme folk over til leiligheta vår og vi skal sjå Blood Diamond.. Blir sikkert kos!

Er i Dream Theater-modus i dag, så har no haurt heile albumet Awake.. Fantastisk <3 <3 <3

Vil avslutte med eit sitat av Anthony Soprano (ingen spesiell grunn, berre lika sitatet):
You don't shit where you eat. And you really don't shit where I eat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar